Overvektige barn har større risiko for astma
Fedme i barndommen er knytt til astma og atopi. Astma hos overvektige barn er også vanskelegare å kontrollere enn astma hos normalvektige barn.
Assosiasjonen var større blant barn utan atopi enn blant barn med minst
eitt positivt spesifikt IgE-resultat. IgE-nivåa auka med BMI (body mass
index) i eit signifikant dose-responsforhold, og oddsen for å ha minst
eit positivt spesifikk IgE-resultat var auka blant barn med fedme
samanlikna med normalvektige barn.
Fedme kan vere ein faktor som bidreg både til auka prevalens av
allergisk sjukdom og astma hos barn, og kan involvere ein
inflammatorisk mekanisme. C-reaktivt protein (CRP)-nivå er assosiert
med både atopi og astma. Det er vanskeleg å skilje om det er ein
inflammatorisk prosess forårsaka av fedme, eller om det er på grunn av
lågare treningsnivå, eller andre faktorar.
Overvekt gjer også at astmaen blir vanskelegare å kontrollere. Barn med
fedme reagerer ikkje på same måte som normalvektige barn på dei same
medikamenta. Dei må ofte ha nærare oppfølging enn normalvektige
barn.
Les meir:
Medscape

