Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Legesiden, av leger for leger
Forside Bokhandel Online bøker Lenker Nyheter Temasider
Personlige verktøy
Du er her: Forside Nyheter Pediatri Forsking motbeviser linken mellom vaksiner og autisme

Forsking motbeviser linken mellom vaksiner og autisme

av Idun Alma Torvik Ramsdal sist endret 21.02.2009 - 00:22

Det er ingen grunn til bekymring for at immunisering i barnealder kanskje kan føre til autisme. Ein ny review har tatt for seg 20 studiar, og desse viser at det er ingen link mellom vaksinar og autisme.

Redsel for at vaksinar kan føre til at barn utviklar autisme, er ein av grunnane til at nokre foreldre nektar at barnet deira skal vaksinerast. Det har eksistert tre hypotesar som foreslår ein teoretisk assosiasjon mellom vaksinar og autisme. Den første teorien er at kombinasjonen av MMR (Measles-Mumps-Rubella)-vaksinen øydelegg overflata i gastroøsofagealtraktus. På denne måten antok ein at encefalopatiske protein kunne komme inn i kroppen og forårsake autisme. Ein studie i 1998 i The Lancet foreslo ein assosiasjon mellom MMR-vaksinen og autisme. Etter dette har 13 etterfølgjande studiar frå 5 ulike land vist at det ikkje er ein slik assosiasjon. Forskarane konkluderer med at ingen data støttar nokon kausal samanheng mellom MMR-vaksinenog autisme, og at den tilsynelatande assosiasjonen oppsto fordi MMR-vaksinen blir gitt ved den alderen autisme typisk bli oppdaga.


Den andre hypotesen er at thimerosal, eit kvikksølvhaldig tilsetjingsmiddel brukt i over 50 år i nokre vaksinar, er toksisk for sentralnervesystemet. Reviewen viser at 7 studiar frå 5 ulike land viser at førekomst av autisme ikkje blir affisert av om thimerosal er tilsett eller ikkje i vaksiner.


Den tredje hypotesen er at ved å gi mange vaksiner samtidig kan immunsystemet verte svakare. Forfattarane av reviewen påpeikar at immunsystemet til eit barn blir vanlegvis eksponert for mykje meir antigent materiale enn dei relativt små mengdene i vaksinar, og at denne hypotesen difor ikkje er sannsynleg.


Medan tal på barn som har blitt immuniserte har vore konstant eller minka, har insidensen av autisme auka. Det er like mange barn som er autistar blant ikkje-vaksinerte som vaksinerte. Verken når, eller kor alvorleg barnet blir ramma av autisme er forskjellig i forhold til om, eller når, eit barn blir immunisert.


Forskarane påpeikar at vaksinering av små barn er svært viktig. Det er viktig at foreldre blir godt opplyste om den risikoen det er å ikkje vaksinere barnet sitt. Det kan føre til alvorlege infeksjonar hos barnet.


Les meir:
Medscaoe

Side-alternativer