Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Legesiden, av leger for leger
Forside Bokhandel Online bøker Lenker Nyheter Temasider
Personlige verktøy
Du er her: Forside Nyheter Ortopedi Trening forbetrar patellofemoral smerte

Trening forbetrar patellofemoral smerte

Treningsprogram for patellofemoralt smertesyndrom forbetrar smerte og funksjon meir effektivt enn kvile og aktivitetsstopp. Dette viser ein ny randomisert klinisk studie.

Pasientar som følgjer eit 12-vekers treningsprogram, har signifikant mindre smerter, både i kvile og i aktivitet, og høgare funksjonsnivå, etter tre månadar og eitt år, enn dei som får råd om ro og kvile frå legen. 131 pasientar mellom 14 og 40 år med kroniske patellofemorale smerter deltok i studien som skal publiserast i British Medical Journal. Treningsprogrammet inkluderte å trene opp quadricepsmuskulaturen, med fokus på styrke, fleksibilitet, balanse og koordinasjon, med progressivt aukande kompleksitet over tid. Utfallet av studien viser at treningsrettleiing er meir effektivt enn «vente og sjå»-haldninga som blir praktisert av mange legar.


Tidligare studiar på dette området har vore begrensa og inkonklusive. Eit viktig steg vidare i forskinga på dette området vil vere å sjå på kva for komponentar i treningsprogram som er mest effektive, spesielt kva for rolle hoftemuskulaturen spelar. Pasientgruppa med patellofemoral smerte er heterogen, og det er difor truleg at ulike subgrupper av pasientar har nytte av ulike øvingar i treningsprogrammet. Same treningsprogram vil ikkje nødvendigvis verke for alle.


Les meir:
Medscape

Side-alternativer