Urintest for å avsløre lungekreft?
Røyking er den største risikofaktoren for lungekreft. Likevel er det slett ikkje alle røykjarar som får lungekreft. No er forskarar eit steg nærare mot å utvikle ein urintest som kan identifisere røykjarar med høg risiko for å utvikle sjukdommen.
Data frå to studiar, ein som omfatta 18 000 menn, og ein som omfatta 63
257 menn og kvinner, vart brukt som utgangspunkt for å utvikle testen.
Blod- og urinprøver frå deltakarane og svar på spørsmål om røykjevanane
deira vart undersøkte. For vidare analysar tok forskarane utgangspunkt
i 245 røykjarar med lungekreft og 245 røykjarar som ikkje utvikla
lungekreft. Forskarane har sett på ulike kjende karsinogen i
sigarettar, og målt nivåa av dei i urin. Desse var assosiert med
risikoen for å utvikle lungekreft, sjølv når tal på sigarettar, kor
mange år deltakarane hadde røykt, og andre risikofaktorar vart tekne
med i vurderinga. Målet er å utvikle ein risikomodell som inkluderer
ulike biomarkørar i tillegg til røykjeanamnese, slik at ein på best
mogeleg måte kan identifisere røykjarar som vil komme til å utvikle
lungekreft.
Les meir:
Medscape

