Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Legesiden, av leger for leger
Forside Bokhandel Online bøker Lenker Nyheter Temasider
Personlige verktøy
Du er her: Forside Nyheter Onkologi Positiv effekt av statin ved prostatacancer

Positiv effekt av statin ved prostatacancer

av Idun Alma Torvik Ramsdal sist endret 26.05.2009 - 19:48

Biokjemisk tilbakefall i form av auke i PSA-verdiar etter radikal prostataektomi ser ut til å vere redusert ved statinbruk. Dette viser ein ny studie.

Menn med prostatacancer som får radikal prostataektomi og tek statin, har 30 % lågare risiko for biokjemisk tilbakefall etter kirurgi enn dei som ikkje tar statin. Sjølv om statinbrukarane hadde høgre Gleason score, var eldre og hadde meir avansert sjukdom ved diagnose, var risikoen for biokjemisk tilbakefall lågare i åra etter kirurgi enn for ikkje-brukarar. Dei som sto på statin lengst, hadde best resultat. Statin ser ikkje ut til å redusere risikoen for prostatacancer totalt sett, men det ser ut som det er assosiert med redusert risiko for avanserte og aggressive kreftformer. Statin ser også ut til å forbetre utfallet etter stråleterapi ved prostatacancer.


1325 menn som fekk radikal prostataektomi deltok i denne nye studien. Av desse tok 18 % statiner, medan 82 % tok ikkje statin. Biokjemisk tilbakefall var definert som auke i PSA på 0,2 ng/mL eller meir.


Tidlegare studiar har vist at statin inhiberer cellevekst. Fordelen av statinbehandling ved prostatacancer kan komme av redusert inflammasjon, lågare nivå av lipid, effekt på androgen, eller andre mekanismar.


Les meir:
Medscape

Side-alternativer