Lågt til moderat alkoholforbruk aukar risikoen for kreft hos kvinner
Til og med lågt til moderat alkoholforbruk aukar signifikant risikoen for kreft hos kvinner, både generelt og på spesifikke stadar. Dette viser ein ny studie frå Storbritannia.
Sjølv om det er velkjent at for mykje alkohol kan vere skadeleg for
helsa, har ein del forsking dei siste åra hevda at alkohol i små
mengder kan vere bra for det kardiovaskulære systemet. Dette har ført
til at det har blitt moderne å drikke for «hjartet si skuld». Denne
studien viser at eit lågt til moderat alkoholforbruk kan ha skadelege
verknadar på kroppen. Det er viktig å informere kvinner om dette.
Kvinnene i studien hadde ein gjennomsnittsalder på 55 år. 75 % av
kvinnene gav opp at dei drakk alkohol. Det gjennomsnittlege konsumet
var ei alkoholeining per dag. Få drakk meir enn tre drinkar for
dag.
Les meir:
Medscape

