Ingefær hjelper mot kvalme ved kjemoterapi
Ingefær som supplement til standard antiemetika reduserer kvalme hos pasientar som får kjemoterapi. Kvalme er eit svært vanleg problem under kjemoterapi, og reduserer livskvaliteten til desse pasientane.
Ingefær er eit vanleg krydder. I mange år har ingefær blitt brukt over
heile verda for å behandle gastrointestinale plager slik som kvalme.
Forskarar har ikkje greidd å identifisere den eksakte mekanismen , men
forsking har vist at ingefær verkar som ein potent antiinflammatorisk
substans i magen.
Materialet er basert på ein kohortstudie med 644 cancerpasientar,
primært kvinner. Pasientane rapporterte kvalme på ein 7-punkts skala.
Pasientar som brukte ingefær oppgav at dei i gjennomsnitt hadde 1 eller
2 ved rangering av kvalme, medan dei som fekk placebo i gjennomsnitt
oppgav 4. Konklusjonen vart at supplement med ingefær på ein dagleg
dose på 1,5-1 g signifikant reduserer kvalmen første dagen under
kjemoterapibehandling.
Medscape

