Røyking gir hjerneslag hos unge kvinner
Dess meir unge kvinner røyker, dess større risiko har dei for å få hjerneslag. Forskarar i USA har funne eit dose-respons-forhold mellom sigarettrøyking og risikoen for iskemisk slag.
Ifølgje forskarane er det stor effekt av å slutte å røyke. Risikoen for slag går tilbake til nivå med ikkje-røykarar i løpet av 2,5 år. Røykeslutt har positiv verknad på helsa umiddelbart uansett alder, men fordelane er større dess tidlegare ein sluttar. Dersom ein sluttar å røyke før 35-årsalderen, har ein truleg dei same livsutsiktene som ein ikkje-røykar. Studien viste også at kor mykje ein røyker er meir avgjerande enn kor lenge ein har røykt når det gjeld slagrisiko.
Les meir:

