Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Legesiden, av leger for leger
Forside Bokhandel Online bøker Lenker Nyheter Temasider
Personlige verktøy
Du er her: Forside Nyheter Nevrologi Nytt medikament mot for tidleg sædavgang

Nytt medikament mot for tidleg sædavgang

av Idun Alma Torvik Ramsdal sist endret 01.10.2010 - 13:24

Eit nytt medikament under utprøving har vist svært gode resultat for menn med for tidleg sædavgang. I tillegg ser det ut til at medikamentet har svært lite biverknadar.

Det vert i desse dagar forska på eit nytt medikament som kan hjelpe dei med for tidleg sædavgang. 300 menn deltok i studien der medikamentet vart utprøvd. I studien fekk dei som brukte medikamentet i gjennomsnitt seks gongar lengre latenstid, med nesten ingen biverknadar.


Medikamentet er ein topikal spray (blanding av lidokain 7,5 mg og prilokain 2,5 mg) som skal bli spraya på glans penis 5 minutt før samleie. I studien auka latenstida frå 0,6 minutt til 3,8 minutt med behandling. Normal latenstid er på om lag 4,6 minutt, så denne behandlinga gjer at menn som er plaga med for tidleg sædavgang kan ha om lag normal latenstid.


Berre 5 av 300 menn opplevde milde biverknadar. Pasientane opplevde svært lite hypoestesi på grunn av at dei lokalanestetiske midla i medikamentet penetrerer huda og ikkje blir på overflata. Nesten alle pasientane i studien var så fornøgde med behandlinga at dei ville vere med på langtidsstudien som skal halde fram med utprøvinga av medikamentet.


I dag er det inga anerkjend behandling for seksuell dysfunksjon. SSRI blir ofte føreskrive, men dette medikamentet har biverknadar, og det tar ofte lang tid før verknaden startar.


Les meir:
Medscape

Side-alternativer