Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Legesiden, av leger for leger
Forside Bokhandel Online bøker Lenker Nyheter Temasider
Personlige verktøy
Du er her: Forside Nyheter Nevrologi Migrene og hovudpine av tensjonstype responderer på akupunktur

Migrene og hovudpine av tensjonstype responderer på akupunktur

av Idun Alma Torvik Ramsdal sist endret 27.01.2009 - 01:05

Akupunktur er minst like effektivt som profylaktiske medikament for migrene, og kan også ha fordelar hjå ein del pasientar med hovudpine av tensjonstype. Dette viser to store review-artiklar.

Akupunktur minkar frekvensen av migrene eller hovudpine av tensjonstype med om lag 50 %. Dette er om lag like effektivt som andre effektive behandlingsmåtar for desse sjukdomane.


Hovudpine av tensjonstype er typisk bilateral og med mild til moderat intensitet. Denne typen hovudpine er typisk mindre hyppig og kan oftast bli adekvat behandla med reseptfrie legemiddel. Hjå nokre pasientar er denne typen hovudpine hyppig (frå 1 til 15 dagar i månaden) eller kronisk (15 eller fleire dagar i månaden). Forskarane tok føre seg to store undersøkingar som undersøkte om det var betre å tilby pasientar akupunktur i tillegg til basisbehandling (behandle akutt hovudpine med smertestillande medikament) enn basisbehandling aleine. Studiane fann signifikante korttidseffektar assosiert med akupunkturbehandlinga: Tal på dagar med hovudpine vart redusert med 50 % hjå 47 % av pasientane, medan berre 16 % av dei som fekk basisbehandling aleine opplevde den same reduksjonen i tal på dagar med hovudpine.


Migrene er karakterisert av anfall med oftast einsidig, alvorleg hovudpine, typisk med kvalme og/eller sensitivitet for lys og lyd. Pasientar med migrene kan oftast bli adekvat behandla ved å behandle akutte anfall. Nokre pasientar med hyppig dårleg kontrollert hovudpine treng profylaktisk intervensjon. Studiane som vart med i review-artiklane var minst 8 veker lange og samanlikna akupunktur med rutinebehandling (akutt behandling), akupunktur der nåla vert plassert på ikkje-korrekte stadar / ikkje penetrerer huda skikkeleg, eller annan intervensjon. Samla sett viste desse studiane at akupunktur har god effekt hjå migrenepasientar, sjølv om korrekt plassering av nålene ser ut til å ikkje ha så mykje så seie som akupunktørane sjølve meiner.


Akupunktur ser ut til å ha lik eller kanskje betre effekt enn medikament. Akupunktur bør difor vere ei mogelegheit ved alvorleg eller hyppig hovudpine. Samanlikna med andre medikamentelle behandlingar, har akupunktur få biverknadar.


Les meir:
Medscape

Side-alternativer