Migrene og auka risiko for slag under svangerskapet
Kvinner med aktiv migrene har auka risiko for å få hjerneslag og andre vaskulære tilstandar under svangerskapet. Dette viser ein ny stor studie frå USA.
I denne studien vart diagnosar ved utskriving av gravide kvinner nytta
som utgangspunkt. Dei primære endepunkta var diagnosane migrene, slag
og andre vaskulære sjukdommar. Av utvalet i studien var det 185
migrenediagnosar per 100 000 fødslar. Ut ifrå denne studien veit vi
ikkje om det var migrenen eller dei vaskulære tilstandane som kom
først. For å få klarlagd dette, er det nødvendig å gjere prospektive
studiar.
I ein review-studie frå tidlegare har det komme fram at migrene med
aura og bruk av oral prevensjon aukar risikoen for slag assosiert med
migrene endå meir. Alder modifiserer ikkje denne assosiasjonen.
Les meir:
Medscape

