Fleire med akutt iskemisk hjerneslag kan få behandling
Trombolyse ser ut til å vere trygt opptil 4,5 timar etter symptomdebut på hjerneslag. Dette viser ein stor ny europeisk studie.
I studien vart utfallet i ei pasientgruppe som vart behandla innan 3 timar (11 865 pasientar), samanlikna med ei gruppe der pasientane hadde vorte behandla mellom 3-4,5 timar etter symptomdebut (664 pasientar). Mål på utfall var symptomatisk intracerebral bløding innan 24 timar, og mortalitet og sjølvstendig funksjonsevne (definert som 2 eller mindre på «modified Rankin scale») etter 3 månader. Det vart ikkje funne nokon signifikant skilnad mellom dei to gruppene.
Tid er ein avgjerande faktor i behandlinga av akutt iskemisk slag. I dag kan berre ein minoritet av slagpasientar bli behandla på grunn av at dei ikkje når behandling raskt nok. Ifølgje denne studien kan ein auke dette tidsvindauget med 50 %, og mange fleire pasientar vil difor kunne behandlast.
Les meir:
Lancet
MedScape
Stroke Center

