Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Legesiden, av leger for leger
Forside Bokhandel Online bøker Lenker Nyheter Temasider
Personlige verktøy
Du er her: Forside Nyheter Nevrologi Assosiasjon mellom metabolsk syndrom og vaskulær demens

Assosiasjon mellom metabolsk syndrom og vaskulær demens

av Idun Alma Torvik Ramsdal sist endret 27.01.2009 - 01:10

Individ med metabolsk syndrom har auka risiko for vaskulær demens. Dette viser at screening og behandling av dei ulike komponentane av metabolsk syndrom kan førebyggje vaskulær demens.

Det er kjent at individ med metabolsk syndrom har auka risiko for kardiovaskulær sjukdom. Ein ny studie viser at dei også har auka risiko for vaskulær demens.


Metabolsk syndrom er ei utbreidd samling av risikofaktorar for hjarte- og karsjukdom: hypertensjon, auka livvidde, høge nivå av triglyserid i blodet, låge nivå av HDL-kolesterol, og forhøgd fastande blodsukker. Forskarane undersøkte assosiasjonen mellom dei ulike komponentane i metabolsk syndrom og risikoen for demens, og subtypane Alzheimers sjukdom og vaskulær demens.


Av dei 7087 deltakarane i studien hadde 15,8 % metabolsk syndrom. Desse hadde auka risiko for vaskulær demens, men ikkje for Alzheimers sjukdom. Den einaste komponenten i metabolsk syndrom som var signifikant assosiert med demens og vaskulær demens, var høge triglyseridnivå. Det vart også funne ein signifikant samanheng mellom diabetes og demens og vaskulær demens. Forhøgd fastande glukose var ikkje assosiert med nokon av demenstypane.


Samanhengen mellom forhøgd nivå av triglyserid, diabetes og vaskulær demens viser behovet for påvising og behandling av vaskulære risikofaktorar hjå eldre for å forhindre utviklinga av klinisk demens.


Les meir:
Medscape

Side-alternativer