Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Legesiden, av leger for leger
Forside Bokhandel Online bøker Lenker Nyheter Temasider
Personlige verktøy
Du er her: Forside Nyheter Lunge Passiv røyking som barn aukar emfysemrisiko

Passiv røyking som barn aukar emfysemrisiko

av Idun Alma Torvik Ramsdal sist endret 09.07.2009 - 23:05

Tobakksrøyk i heimen under barndomen kan føre til dårlegare lungefunksjon og auka risiko for emfysem seinare i livet. Dette viser ein ny studie.

Eksponering for tobakksrøyk i barndomen bidreg til auka risiko for emfysem seinare i livet, til og med hos ikkje-røykjarar. Årsaka til dette er mekanisk belastning på alveoleveggen. Røyking fører til emfysem hovudsakleg i dei øvste lungelappane. I tillegg er alfa 1-antitrypsinmangel ein risikofaktor. Til dags dato er ingen andre risikofaktorar for emfysem kjende.


Forskarane bak denne nye studien fann ein statistisk signifikant skilnad mellom personar som budde i ein heim med vanerøykjarar og personar som budde i ein røykfri heim i barndomen. Studien tok utgangspunkt i materiale frå Multi-Ethnic Study og Arthrosclerosis (MESA) med 1781 ikkje-røykjande vaksne utan kardiovaskulær sjukdom frå 45 til 84 år. Røykeksponeringa var målt retrospektivt ut ifrå om personane rapporterte at dei hadde budd med røykjarar i barndomen eller ikkje.


Les meir:
Medscape

Side-alternativer