Triglyseridnivået stig til himmels
Det gjennomsnittlege triglyseridnivået har nesten blitt fem gongar så høgt i løpet av dei siste 28 åra. Dette viser ei ny amerikansk undersøking.
Medan low-density lipoprotein (LDL) kolesterolnivået har sokke litt sidan 1980, har triglyseridnivået nesten blitt 5 gongar så høgt i løpet av den same tida hjå vaksne amerikanarar. Studien viser at 48 % av amerikanarar hadde LDL-nivå over optimalt nivå (100 mg/dl eller meir) i 1980, medan 40,61 % hadde tilsvarande nivå i 2006. Per i dag har om lag ein tredjedel av den vaksne populasjonen hypertriglyseridemi.
Ei mogeleg forklaring på det fallande LDL-nivået er at folk har blitt
meir opptekne av farane med mat med høgt feittinnhald. Det har blitt
meir merksemd rundt hjartesjukdom og sunnare mat, i tillegg til at
bruken av statinar har auka. Likevel er prevalensen på fedme og
overvekt stadig aukande. Dette kan vere ei mogeleg forklaring på den
sterke auken i triglyderidnivået. Per i dag har 30 % av amerikanarar
BMI under 25, 34,5 % har BMI mellom 25 og 30, og 33,7 % har BMI over
30. Dette betyr at ca. ein tredjedel av befolkninga har fedme, og to
tredjedelar er overvektige. Til samanlikning har ca. ein femtedel av
nordmenn over 30 år fedme.
Les meir:
Medscape
Statistisk sentralbyrå

