Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Legesiden, av leger for leger
Forside Bokhandel Online bøker Lenker Nyheter Temasider
Personlige verktøy
Du er her: Forside Nyheter Kardiologi Systolisk trykk i fokus

Systolisk trykk i fokus

av Idun Alma Torvik Ramsdal sist endret 20.06.2008 - 01:07

Ein bør la det systoliske trykket danne grunnlaget for diagnose og behandlingsmål for høgt blodtrykk hjå pasientar over 50 år. Dette hevdar tre ekspertar på området.

Ifølgje forskerane Bryan Williams, Lars Lindholm og Peter Sever bør systolisk blodtrykk både danne grunnlaget for diagnose og behandlingsmål hjå pasientar over 50 år. Dette kjem fram i ein artikkel i Lancet 17. juni. Eit fornya fokus på systolisk blodtrykk vil gjere det enklare både for klinikarar og pasientar, auke forståinga for behandlingsmåla, og føre til meir effektiv behandling av høgt blodtrykk, hevdar dei tre. Eit slikt tiltak vil ha mykje å seie for førebygginga av hjarte- og karsjukdom knytt til hypertensjon.


I dag er behandlinga av hypertensjon lite tilfredsstillande. Det herskar forvirring rundt om det er det systoliske eller det diastoliske blodtrykket som er målet. Å forenkle det heile til eitt tal vil gjere kommunikasjonen lettare meiner dei tre ekspertane. Kliniske undersøkingar har vist at systolisk blodtrykk er mykje vanskelegare å kontrollere enn diastolisk blodtrykk. Dersom diastolisk blodtrykk er behandlingsmålet, vil dei fleste pasientane ha eit dårleg kontrollert systolisk blodtrykk. Omvendt, vil nesten alltid begge trykka vere under kontroll dersom det systoliske er i fokus.


Medan systolisk blodtrykk aukar med alderen, aukar diastolisk blodtrykk til omkring 50-årsalderen, før det deretter søkk. Det er difor lite logisk å bruke det diastoliske blodtrykket i risikoevaluering hjå eldre. Hos pasientar under 40 har 40 % isolert diastolisk hypertensjon. Dei tre ekspertane anbefaler difor at ein framleis bør legge vekt på både det diastoliske og det systoliske trykket hos dei under 50.


Les meir:
Medscape
Lancet

Side-alternativer