Gode grunnar til å sove lengre
Ein ekstra time med søvn per natt er assosiert med 33 % reduksjon i utviklinga av kalsifikasjon i koronarkara. Dette viser ei ny undersøking.
Forskarane har ulike teoriar om assosiasjonen mellom søvn og
kalsifikasjon i koronarkara. Ein mekanisme kan vere høgt blodtrykk.
Blodtrykket blir lågare når ein søv. Det er mogeleg at folk som søv
mindre ikkje har har eit like langt eller stort fall i blodtrykket om
natta som andre som søv meir. På denne måten kan 24-timarsblodtrykket
deira vere relativt høgre enn trykket deira på dagtid ser ut til å
vere. Ein annan mogeleg mekanisme bak denne assosiasjonen kan vere
kortisolnivå. Dersom folk søv lite, aukar kortisolnivået. Andre studiar
har vist at høge kortisolnivå er ein risikofaktor for koronar
arteriekalsifikasjon.
Det kan også vere er at denne assosiasjonen er eit resultat av
konfunderande faktorar. Ein veit lite om kva for faktorar som påverkar
kor mykje folk søv. Det er mogeleg at kombinasjonar av desse faktorane
også påverkar risikoen deira for koronar arteriekalsifikasjon. Dersom
dette er tilfellet, vil truleg ikkje det å endre søvnmønsteret i seg
sjølv ha noko å seie for utviklinga av kalsifikasjon i koronarkara.
Les meir:
Medscape

