Dødsfall av hjartesjukdom på retur
I 2006 nådde mortalitetsraten forårsaka av hjartesjukdom det lågaste nivået gjennom tidene i USA. Dette kjem fram i ein ny studie.
Med unntak av 1993 har mortalitet på grunn av hjartesjukdom jamt og trutt gått nedover frå 1980. Tala viser at mørkhuda menn er mest utsette for hjartesjukdom, medan lyshuda kvinner verkar best beskytta. Desse skilnadene i forhold til kjønn og rase har minka dei siste åra.
Også fleire sjukdommar viste nedgang frå 2005 til 2006. Eksempel på dette er cerebrovaskulær sjukdom som gjekk ned med 6,4 %, diabetes mellitus ned med 5,3 % og essensiell hypertensjon og hypertensiv nyresjukdom, som gjekk ned med 5 %.
Presidenten i American Heart Assosiation (AHA), dr. Timothy J Gardner, meiner at denne nedgangen truleg er eit resultat av reduksjon av visse risikofaktorar. Dette gjeld spesielt mindre røyking. I tillegg har behandlinga av hjartesjukdom blitt meir effektiv. Ein tankevekkar er likevel at desse tala truleg vil bli reverserte dersom trenden med aukande overvekt og diabetes held fram. Dagens unge kan bli den første generasjonen som får eit kortare liv enn foreldra sine.
Les meir:
Medscape

