Abdominal fedme og død
Både generell fedme og abdominal fedme er assosiert med auka risiko for død. Ein bør difor bruke både midjeomkrins og hofte-midje-ratio i tillegg til BMI når ein skal måle mortalitetsrisiko.
Dei med stor midjeomkrins og hofte-midje-ratio har høgare risiko for død. Dette er mål på abdominal fedme. Tidlegare studiar har først og fremst brukt Body mass index (BMI) for å måle assosiasjon mellom fedme og risiko for død. Få har undersøkt om det er distribusjonen av kroppsfeittet som bidreg til predisposisjon for død. For å måle abdominal fedme er cutoff for midjemål sett til 102 cm for menn og 88 cm for kvinner, og hofte-midje- ratio til 1,0 for menn og 0,85 for kvinner. Analysane undersøkte assosiasjonen mellom BMI, midjeomkrins, hofte-midje-ratio og dødsrate kontrollert for livsstilfaktorar som fysisk aktivitet, røyking og alkoholinntak. Forskarane fann ein J-forma assosiasjon mellom BMI og dødsrate. Den lågaste mortalitetsrisikoen var ved BMI 25,3 kg/m² for menn og 24,3 kg/m² for kvinner. Etter forskarane hadde justert for BMI var både midjeomkrins og hofte-midje-ratio signifikant assosiert med mortalitetsrisiko. For kvar auke med 5 cm i midjeomkrins, vart risiko for død auka med ein faktor på 1,17 for menn og 1,13 for kvinner. Dersom hofte-midje- ratio auka med 0,1 einingar, auka risikoen for død med 1,34 for menn og 1,24 for kvinner.
Denne kohortstudien omfatta 359 387 menn og kvinner i alderen 25-70 år
i 10 ulike europeiske land og vart publisert i New England Journal of
Medicine 13.november 2008. Dei som deltok i studien, vart følgde opp i
9,7 år. I løpet av denne tida vart det registrert 14 723 døde.
Les meir:
Medscape

