Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Legesiden, av leger for leger
Forside Bokhandel Online bøker Lenker Nyheter Temasider
Personlige verktøy
Du er her: Forside Nyheter Infeksjonsmedisin Plaster mot reisediaré

Plaster mot reisediaré

av Idun Alma Torvik Ramsdal sist endret 19.06.2008 - 23:29

Mange får ferien sin øydelagd av reisediaré. I følgje ein ny studie kan eit nytt plaster beskytte godt mot dette.

Plasteret inneheld varmelabilt Escherichia coli-toxin, og gjer at ein både blir mindre alvorleg ramma og reduserer forekomsten av reisediaré. Dette kjem fram i ein artikkel i nett-utgåva av ”The Lancet” 12. juni. I ein fase 2 placebo-kontrollert studie, fekk 178 friske individ to doser av plasteret med 2-3 vekers mellomrom før avreise til Mexico eller Guatemala.


Forekomsten av all diaré uansett årsak vart redusert i den vaksinerte gruppa. 10% av dei utan vaksine vart ramma av diaré på grunn av enterotoxin-produserande E. coli, medan berre 5% av dei vaskinerte vart ramma.


Forekomsten av moderat-til-alvorleg reisediaré, uansett årsak, gjekk ned. Ein oppnår 75% beskyttande effekt med plasteret. 11% i placebogruppa og 2% i vaksine-gruppa fekk alvorleg reisediaré, noko som gir ein beskyttande effekt på 84%.


Når ulukka først er ute, viser studien også at reisediaréen både varer kortare (0,5 versus 2,1 dagar) og at tal på episodar med laus avføring går ned (3,7 versus 10,5) dersom ein er vaksinert.


Det var Dr. Gregory M. Glenn frå IOMAI Corporation i Gaithersburg, Maryland, med kollegaar som gjorde denne studien.


Les meir:
Medscape

Side-alternativer