Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Legesiden, av leger for leger
Forside Bokhandel Online bøker Lenker Nyheter Temasider
Personlige verktøy
Du er her: Forside Nyheter Infeksjonsmedisin Gode grunnar til å ta probiotika

Gode grunnar til å ta probiotika

av Idun Alma Torvik Ramsdal sist endret 29.12.2008 - 23:20

Probiotika er mikroorganismar som kan hjelpe på tilstandar som antibiotikaassosiert diaré, infeksiøs diaré, irritabel tarm, og atopisk dermatitt hos spedbarn med risiko for dette. Dette viser ein ny reviewartikkel.

Studiar viser at probiotika kan ha effekt på mange ulike tilstandar. Probiotika reduserer risikoen for antibiotikaassosiert diaré med 52 %, og effekten er størst dersom ein startar inntak av probiotika innan 72 timar etter oppstart av antibiotika. Ved infeksiøs diaré viser store studiar at symptoma både varer kortare og er mindre alvorlege. Hos pasientar med irritabel tarm kan probiotika føre til at smertene vert mindre alvorlege og at kjensla av å vere «oppblåst» vert redusert. Probiotika kan forhindre atopisk dermatitt hos spedbarn, og muligens føre til mindre symptom.


Probiotika er levande mikroorganismar som blir inntekne i slike mengder at dei får ein fordelaktig helseeffekt i verten. Dette kan komme av mange ulike mekanismar. Eit eksempel på dette er at ein trur probiotika verkar kompetetivt med dei patogene bakteriane i tarmane ved infeksiøs diaré. Det er også mogeleg at probiotika kan ha effekt på utviklinga av immuntoleransen i dei første leveåra. Dette kan forklare effekten på barn med atopisk dermatitt. Det mest sannsynlege er at fleire mekanismar verkar saman.


Probiotika har ingen rapporterte interaksjonar med andre medikament. Probiotika må takast regelmessig. Ein kan ikkje dyrke fram mikroorganismane lenger enn 1-2 veker etter inntak. Dei vanlege biverknadane er milde og sjølvbegrensande, slik som flatulens og mildt abdominalt ubehag. Ein bør likevel vere forsiktig med å gi probiotika til pasientar med kort tarm syndrom og til alvorleg immunsupprimerte pasientar.


Les meir:
Medscape

Side-alternativer