Klinikarar føreskriv ofte placebobehandling
Mange klinikarar tilrår rutinemessig placebobehandling, og meiner at dette er etisk forsvarleg. Dette kjem fram i ein ny amerikansk studie.
Indremedisinarar og revmatologar rapporterte sjølve svara sine på
undersøkinga. Forskarane ville finne ut om klinikarane hadde tilrådd
eller ville bruke placebobehandling, dei etiske vurderingane deira i
forhold til dette, kva dei anbefalte som placebobehandling, og korleis
dei kommuniserte med pasientane sine om dette.
Om lag halvparten av dei som svarte anbefalte placebobehandling til
pasientane sine regelmessig. 62 % meinte at dette var etisk forsvarleg.
Få rapporterte at dei gav salt- eller sukker haldige pillar
(henholdsvis 3 og 2 %). Mange rapporterte at dei hadde anbefalt
ikkje-reseptbelagde analgetika (41 %) og vitaminar (38 %) siste året.
Nokre rapporterte også at dei gav antibiotika (13 %) og sedativa (13 %)
som placebobehandling.

