Probiotika forhindrar NEC hjå nyfødde
Spesifikke probiotika kan redusere risikoen for nekrotiserande enterokolitt (NEC) og mortalitet hos for tidleg fødde med svært låg fødselsvekt. Dette viser ein ny studie.
Målet med denne studien var å undersøke verkeevna til oralt administrerte probiotika for å forhindre NEC hjå nyfødde med svært låg fødselsvekt. Samanlikna med kontrollgruppa hadde studiegruppa signifikant lågare insidens av død eller NEC. Ifølgje studien må ein behandle 20 pasientar for å unngå eitt tilfelle med NEC og 14 pasientar for å unngå at ein nyfødd døydde eller fekk NEC.
Nyfødde på mindre enn 1500 gram som overlevde så lenge at dei kunne få enteral ernæring vart randomisert i to grupper. Totalt 434 nyfødde på 7 neonatale intensive avdelingar i Taiwan deltok i studien (217 i studiegruppa og 217 i kontrollgruppa). Studiegruppa fekk probiotika i mjølka to gongar dagleg i 6 veker. Klinikarane som tok seg av dei nyfødde, var blinda. Hovudendepunkta for studien var NEC eller død.
Det var ingen andre uheldige effektar knytte til behandlinga, inkludert sepsis, flatulens eller diaré.
Les meir:
Medscape

