Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Legesiden, av leger for leger
Forside Bokhandel Online bøker Lenker Nyheter Temasider
Personlige verktøy
Du er her: Forside Nyheter Gyn/Obst Postmenopausal hormonbehandling gir mageplager

Postmenopausal hormonbehandling gir mageplager

av Idun Alma Torvik Ramsdal sist endret 29.09.2008 - 22:40

Postmenopausal hormonterapi aukar risikoen for gastroøsofageal refluks-sjukdom (GERD). Dette viser ein prospektiv kohortstudie som vart trykt i 'Archives of Internal Medicine' 8. september.

Risikoen for gastroøsofageal refluks-sjukdom (GERD) er auka for kvinner som brukar østrogen, selektive østrogenreseptor- modulatorar (SERM) eller hormonpreparat som ikkje er reseptbelagde. Tidlegare studiar har vist at auka nivå av østrogen og progesteron, anten på grunn av endogene eller eksogene kjelder, aukar gastroøsofageal refluks. Denne teorien vert støtta av observasjonar som viser at nedre øsofageale sfinkter-trykk vert lågare under svangerskap og ved bruk av oral prevensjon.


Samanlikna med kvinner som aldri har brukt postmenopausal hormonbehandling (PMH), har kvinner som brukar PMH auka risiko for å utvikle GERD-symptom. Odds ratio for å utvikle GERD-symptom var 1,46 for dei som hadde brukt PMH tidlegare, og 1,66 for dei som brukar berre østrogen og 1,41 for dei som brukar kombinasjon av østrogen og progesteron. Også auka østrogendose og varigheit av behandlinga viste samband med auka GERD-symptom.


Denne undersøkinga viser at det sannsynlegvis er ein hormonell komponent i den patofysiologiske mekanismen for GERD hos kvinner. Bruk av eksogene østrogen etter menopause kan auke nivåa av nitrogenoksid i plasma. Nitrogenoksid er assosiert med forbigåande relaksasjon av nedre øsofageale sfinkter. Denne undersøkinga viser at ein bør drøfte potensielle GERD-symptom med kvinner som ønskjer postmenopausal hormonbehandling.


Les meir:
Medscape

Side-alternativer