Keisarsnitt aukar risikoen for astma
Barn som blir fødde ved hjelp av keisarsnitt, har auka risiko for å utvikle astma. Dette gjeld spesielt dersom foreldra har ei sjukehistorie med allergiar.
Totalt hadde 12,4 % av barna astma ved åtteårsalder, og prevalensen av
keisarsnitt var 8,5 %. Odds ratio for astma assosiert med keisarsnitt
samanlikna med astma assosiert med vaginal fødsel var totalt 1,79. Odds
ratio for barn med ein eller to allergiske foreldre var høvesvis 1,86
og 2,91, samanlikna med berre 1,36 for dei med foreldre som ikkje hadde
allergiar. Keisarsnitt var også knytt til allergensensitisering , men
berre hjå barna utan allergiske foreldre (OR = 2,14).
Desse resultata understrekar at det er viktig med arv- og
miljøinteraksjonar i utvikling av astma hjå barn. Den aukande raten av
keisarsnitt er delvis på grunn av krav frå mora utan at der er
medisinske grunnar. I denne situasjonen bør mora bli informert om den
auka risikoen for at barnet hennar får astma, spesielt dersom foreldra
har astma eller allergi sjølve.
Les meir:
Medscape

