Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Legesiden, av leger for leger
Forside Bokhandel Online bøker Lenker Nyheter Temasider
Personlige verktøy
Du er her: Forside Nyheter Gyn/Obst Astma hjå gravide

Astma hjå gravide

av Idun Alma Torvik Ramsdal sist endret 16.02.2009 - 00:47

Gravide kvinner med astma har høgre risiko for å få barn med låg fødselsvekt og for premature fødslar. Dette viser ein ny studie.

I ein ny studie konkluderer forskarar med at adekvat kontroll av astma under svangerskapet kan redusere risikoen for komplikasjonar som fører til perinatal død. I denne studien vart meir enn 41 000 svangerskap inkludert for å undersøkje risikoen assosiert med astma under graviditet.


Odds ratio for perinatal mortalitet assosiert med astma hos mor var 1,35. Samanlikna med kontrollar hadde kvinner med astma større sannsyn for å føde born med gestasjonsalder under 37 veker (10 % versus 6,7 %), fødselsvekt mindre enn 2500 g (9,2 % versus 5,7 %), og med låg fødselsvekt i forhold til gestasjonsalder (14,4 % versus 10,5 %). Låg fødselsvekt og for tidleg fødsel var sterke prediktorar for perinatal mortalitet.


Nesten alle studiar på gravide kvinner med astma har indikert at desse kvinnene ikkje har auka risiko for uheldig svangerskapsutfall. På grunn av at populasjonane i desse studiane har vore små, har desse studiane hatt liten statistisk styrke. Denne kanadiske studien inkluderte 13 100 kvinner med astma og 28 042 kvinner utan astma som hadde hatt minst ein fødsel mellom 1990 og 2002.


Les meir:
Medscape

Side-alternativer