Naturlege hormon beskyttar kvinner mot Parkinson
Lang eksponering for naturlege hormon ser ut til å beskytte kvinner mot Parkinson. Dette kan bidra til å forklare kvifor Parkinson oftare blir diagnostisert hjå menn enn hjå kvinner.
74 000 kvinner med naturleg menopause, og 7 800 kvinner som kom i
menopause på grunn av kirurgi, deltok i studien. Blant kvinner med
naturleg menopause hadde dei som var fertile i meir enn 39 år, 25 %
lågare risiko for å utvikle Parkinson.
Forskarane fann også ut at dei kvinnene som hadde hatt 4 eller fleire
graviditetar hadde 20 % større risiko for å utvikle sjukdommen enn
kvinner som hadde gjennomgått 3 eller færre graviditetar.
Sjølv om hormonelle faktorar ser ut til å spele ei rolle for å endre
risikoen for Parkinson, ser det ikkje ut til at hormonbehandling
reduserer risikoen. Hormonterapi hadde ingen effekt på risikoen for
Parkinson hos kvinner med naturleg menopause. Resutata indikerer at
kvinner ikkje bør starte eller fortsetje med hormonterapi med den
intensjonen å endre risikoen for Parkinson.
Les meir:
Medscape

