Den globale demenskrisa
I 2040 vil 71 % av alle med demens bu i utviklingsland. Det er tid for å konfrontere den globale demenskrisa.
I utviklingsland har infeksjonssjukdommar som malaria, HIV og tuberkulose fått merksemd, medan andre sjukdommar har kome i skuggen. Estimat viser at talet på menneske med demens i heile verda i 2007 tilsvarer talet på alle med HIV/AIDS – ca. 33 millionar menneske. 95 % av dei med HIV/AIDS og 60-70 % av dei med demens bur i utviklingsland. Pasientar med demens i desse landa er sjeldan i stand til å kjempe for at det skal bli sett større fokus på sjukdommen deira.
Trass i storleiken på dette problemet vert det neglisjert av lokalsamfunn, av forskarar og av verdssamfunnet. Demens blir underdiagnostisert i mange samfunn blant anna på grunn av misklassifikasjon av normal aldring. Gode prevalensdata er berre tilgjengelege frå to land i Afrika. Vi veit også lite om korleis prevalens, insidens og overlevelse blir affiserte av etniske sub-grupper eller økonomisk status. Betre forståing av demens i utviklingsland vil kunne bidra med viktig ny informasjon om risikofaktorar, genetikk og potensiell ny behandling. For eksempel er tradisjonell medisin som kinesiske urter ei lovande kjelde for ny behandling.
Les meir:
Lancet

