Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Legesiden, av leger for leger
Forside Bokhandel Online bøker Lenker Nyheter Temasider
Personlige verktøy
Du er her: Forside Nyheter Endokrinologi Psykologisk effekt av doping

Psykologisk effekt av doping

av Idun Alma Torvik Ramsdal sist endret 04.12.2009 - 01:36

Idrettsprestasjonane aukar dersom idrettsutøvarar trur dei tek veksthormon. Dette ifølgje australske forskarar ved Garvan Institute of Medical Research.

Ein studie viser at mosjonistar som trur dei tek veksthormon får betre prestasjonar, sjølv om dei eigenleg har fått placebo. Dette vekker spørsmål om effekten av doping eigentleg er psykologisk. Forskarane hevdar at det ikkje finst vitskaplege prov for at veksthormon faktisk aukar idrettsprestasjonar. Denne studien peikar mot at placeboeffekten spelar ei viktig rolle i sportsleg samanheng.


Ken Ho ved ”Garvan Institute of Medical Research in Sydney” med kollegaer utførte ein dobbelblinda studie der dei rekrutterte 64 mosjonistar. Dei vart randomisert til to grupper der den eine gruppa fekk veksthormon medan den andre fekk placebo. Halvparten av dei som hadde fått placebo trudde at dei hadde fått veksthormon. Det viste seg at desse ikkje berre trudde at prestasjonane hadde gått opp, men at dei faktisk hadde vorte betre. Dei i placebogruppa som trudde at dei hadde fått placebo, hadde forbetra prestasjonane med 1-2 %, medan dei som trudde dei hadde fått veksthormon, hadde forbetra seg med 2-4 %.


Humant veksthormon blir produsert naturleg i adenohypofysen. Hormonet spelar ei nøkkelrolle i reguleringa av muskel-, skjelett- og organvekst. Bruken av veksthormon for å forbetre idrettsprestasjonar har vore aukande dei siste åra. Men verknadene er ikkje berre positive: Hormonet er assosiert med auka risiko for hjartesjukdom, diabetes, smerter i musklar, ledd og skjelett, høgt blodtrykk og osteoartritt.


Les meir:
HealthDay

Side-alternativer