Lev lenger med høgt testosteron
Det er funne eit samband mellom låge testosteronnivå og mortalitetsrisiko hos menn. Dette viser ein ny studie presentert på ”the Endocrine Society 90th Annual Meeting”.
Menn med låge verdiar hadde ein signifikant høgre risiko for død uansett årsak. Når det gjaldt spesifikke dødsårsaker, hadde dei med lågt testosteronnivå auka risiko for død på grunn av cancer og hjartesjukdom. Dette peikar mot at ein bør bli meir aggressiv på å behandle låge testosteronnivå, sjølv utan symptom. Mange overvektige yngre menn med låge testosteronverdiar har ikkje symptom.
Menn som hadde låge verdiar, tenderte mot å vere eldre og hadde høgare prevalens av diabetes, hypertensjon og metabolsk syndrom. Haring understrekar at det kan vere vanskeleg å avgjere om testosteronet var ei årsak eller ei følgje av dei kardiovaskulære risikofaktorane.
Les meir:
Medscape

