Fortsett til innholdet. | Gå til navigasjonen

Legesiden, av leger for leger
Forside Bokhandel Online bøker Lenker Nyheter Temasider
Personlige verktøy
Du er her: Forside Nyheter Endokrinologi Laktacidose er sjeldan ved bruk av perorale antidiabetika

Laktacidose er sjeldan ved bruk av perorale antidiabetika

av Idun Alma Torvik Ramsdal sist endret 29.12.2008 - 23:05

Type 2-diabetikarar som brukar perorale antidiabetika får svært sjeldan lactacidose. Dette viser ein ny studie frå Storbritannia.

Laktacidose ved bruk av perorale antidiabetika er svært sjeldan og assosiert med samtidig komorbiditet. Dette viser resultat av ein case-control studie i novemberutgåva av Diabetes Care. Denne studien viste også at hypoglykemiske episodar er vanlegare blant dei som brukar sulfonylurea enn hjå dei som brukar metformin. Ein av dei mest vanlege biverknadane assosiert med behandling av diabetes type 2 er hypoglykemi. Ein har vore svært bekymra for hypoglykemi blant pasientar som brukar sulfonylurea. Laktacidose har tidlegare vore assosiert med metformin-bruk. Føremålet med denne studien var å samanlikne risikoen for laktacidose og hypoglykemi blant pasientar med type 2-diabetes som brukar orale antidiabetika.


Alle episodar med laktacidose og hypoglykemi i studiepopulasjonen vart registrert. Data var henta frå «the General Practice Research Database» i Storbritannia. 50 048 type 2-diabetikarar var inkludert i studien. Insidensraten for laktacidose var 2,2 tilfelle per 100 000 personår blant metformin-brukarar, og 4,8 tilfelle per 100 000 personår blant sulfonylurea-brukarar. Relevant komorbiditet kjent som risikofaktorar for laktacidose vart identifisert hos alle tilfella, inkludert hjartesvikt og nyresvikt. Bruk av sulfonylurea viste seg å vere assosiert med auka risiko for hypoglykemi. Odds ratio for bruk av sulfonylurea var 2,79 (95 % konfidensintervall 2,23 – 3,50) samanlikna med dei som brukte metformin.


Les meir:
Diabetesjournals.org
Medscape

Side-alternativer